Autorisasjonskurs 2019

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

For deg om skal ta kurset for fyrste gong, og for deg som treng å fornye autorisasjonsbeviset.

Prisen er inkludert lærebok, mat og eksamensgebyr (eks mva):

  • Fornying av bevis, 1 dag kr 2750,- for medlem kr 1950,-
  • Bevis fyrste gong, 2 dagar kr 3800,- for medlem kr 2650,-
  • Bevis fyrste gong, berre dag 2 kr 2750,- for medlem kr 1950,-

Dag 2 er berre for dei som tek kurset for fyrste gong, og du må melde deg på både dag 1 og dag 2. Når du tek beviset for fyrste gong, er det valfritt om ein vil delta på dag 1 eller lese sjølv, men dag 2 er obligatorisk.

I Sogn og Fjordane må 1. gongs kursdeltakarar ta dag 2 (praksisdag med eksamen) på Mo og Øyrane vidaregåande skule. Aktuelle datoar er 14. og 28. februar. Påmelding til skulen kan gjerast på nettsida landbrukskurs.no

Fornyingskurs er også tilgjengeleg på nett hjå Mattilsynet:
Nettbasert autorisasjonskurs for dei som skal fornye godkjenninga for kjøp og bruk av plantevernmiddel. Ein tek kurset og eksamen på eigen PC eller nettbrett. 
Meir info

Autorisasjonskurs - Tiltak mot smågnagarar

 Frå 15. oktober 2018 vart det opna for at personar som eig og/eller leiger landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagarmiddel.

Vilkåra for å få ein slik autorisasjon er at ein:

  • har gått på tilleggskurs for gnagarbekjemping og har bestått eksamen
  • eig eller leiger ein landbrukseigedom
  • har gyldig plantevernmiddelautorisasjon

Autorisasjonen skal nyttast til å bekjempe mus/rotter på eigen eller leigd landbrukseigedom, veksthus inngår i dette. Gnagarmiddel kan berre brukast i og rundt bygningar, ikkje for å beskytte plantar/avlingar i f.eks. åker. Kva preparat som vil vere omfatta av ordninga vil framgå på gnagarmidla sine etikettar.

Kurset er 5 timar teori + 1 time eksamen, delt slik:

Oppstart kl 09:30

Lunsj kl 12:00-12:30

Eksamen 14:30-15:30

Prisen er inkludert kursmateriell, mat og eksamensgebyr (eks mva):

  • Pris for medlem kr 1900,-
  • Pris for andre kr 2700,-

 


Påmeldingsfrist
For å sikre at vi får nok bøker til kursa, treng vi di påmelding innan fristen.

Påmelding via "kurs" øvst på sida (under NLR-logo). Har du spørsmål, kontakt kursansvarleg:

 

 

 

 

Kryss for kurset/kursa du vil delta på, og fyll ut påmeldingsskjemaet som kjem fram under kurslista (Dag 2 er berre for dei som skal ta Autorisasjonskurs Plantevern for første gang) For meir info, klikk på "omtale og program" rett over denne teksten.

Aktivitetar

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Tid: Torsdag 24. januar 2019 kl. 09.30
Påmeldingsfrist: Onsdag 23. januar 2019 kl. 12.00
Stad: Rosendal, Rådhuset
Ledige plasser: Påmeldingsfrist utløpt
Ja

Dag 2 / Praksisdag Autorisasjonskurs for første gang for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Tid: Tysdag 29. januar 2019 kl. 09.30
Påmeldingsfrist: Måndag 28. januar 2019 kl. 12.00
Stad: Rosendal, Rådhuset
Ledige plasser: 33 av 50
Ja

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Tid: Onsdag 30. januar 2019 kl. 10.00
Påmeldingsfrist: Måndag 28. januar 2019 kl. 16.30
Stad: Ålesund
Ledige plasser: 48 av 50
Ja

Dag 2 / Praksisdag Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Tid: Torsdag 31. januar 2019 kl. 09.30
Påmeldingsfrist: Onsdag 30. januar 2019 kl. 12.00
Stad: Arna, Ljoshallen
Ledige plasser: 20 av 50
Ja

Autorisasjonskurs - Tiltak mot smågnagarar

Tid: Måndag 4. februar 2019 kl. 09.30
Påmeldingsfrist: Fredag 1. februar 2019 kl. 12.00
Stad: Hagelia Matstove/Dampen, Isdalstø
Ledige plasser: 9 av 65
Ja

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Tid: Onsdag 6. februar 2019 kl. 10.00
Påmeldingsfrist: Måndag 4. februar 2019 kl. 16.30
Stad: Ørsta
Ledige plasser: 46 av 50
Ja

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Tid: Torsdag 7. februar 2019 kl. 09.00
Påmeldingsfrist: Onsdag 6. februar 2019 kl. 12.00
Stad: Scandic Hotell, Nordfjordeid.
Ledige plasser: 40 av 50
Ja

Autorisasjonskurs for kjøp og bruk av plantevernmiddel

Tid: Torsdag 21. februar 2019 kl. 09.00
Påmeldingsfrist: Onsdag 20. februar 2019 kl. 12.00
Stad: kommunestyresalen, Sogndal.
Ledige plasser: 38 av 50
Ja

Velg aktivitetar

{{ activity.title }} (Ubegrenset) {{ activity.title }} (Maks {{ activity.maxExtraParticipants - calculatedParticipantsCount(activity) }}) {{ activity.title }} (Fullt)


{{ form.errors.get('recaptcha_token') }}

Ekstradeltakarar
  • {{ participant.FirstName }} {{ participant.LastName }} ({{ getActivityTitles(participant) }})